mandag 8. november 2010

kunstoppgåve

Eg har då bestemt meg for å skape mitt uttrykk av Julenissen i Snekker Andersen. I kunnskapsløftet etter 10. årstrinn står det blant anna at vi skal samanlikne ulike retningar og tradisjonar innanfor to- og tredimensjonal kunst. Vi skal velje oss ut eit arbeid som umiddelbart tiltrekke oss. Eg skal lage min  replikk av Julenissen i Snekker Andersen. Eg trur ikkjedet er mange av oss osm vaks opp på 70- og 80-talet som ikkje har eit forhold til Alf Prøysen. Det er Hans Normann Dahl som har illustrert boka. Hans Normann Dahl har illustrert fleire av Prøysen sine bøker. Prøysen hadde sine faste illustratørar mens han levde. Eg meinar at Julenissen til Hans Normann Dahl er fantastisk. Eg kom over ein anna illustratør, eg kunne kanskje gå god for Snekker Andersen, men det var heilt feil nisse. Det har nok med tradisjon og gjere. Hadde eg vakse opp idag, med ein annan Nisse enn Hans Normann Dahl sin, hadde nok den vore den eg ville forbinde med Snekker Andersen. No har eg vakse opp med Prøysen og Hans Normann Dahl, difor blir det utgangspunktet mitt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar