fredag 12. november 2010

kunstoppgåve

fyrste utkast
I kunnskapsløftet skal elvane bli kjende med korleis kunstnarar i ulike kulturar har framstilt menneska. Denne kunnskapen skal dei nytte seg av i skapande arbeid med portrett og skulptur. I kunstoppgåva skal vi som studentar skape vår replikk av eit kunstverk/kunstnar.
Eg skal då lage mitt svar på eit bestemte kunstverket. Nissen i Snekker Andersen  har følt meg så langt tilbake som eg kan hugse. Valet vart å lage Julenissen i Snekker Andersen. Dei fyrste skissene vart av det tradisjonelle slaget, eller skal eg seie litt for amerikanisert. Eg var ikkje nøgd, eg sat og blada litt for å finne informasjon om Hans Normann Dahl då eg kom over eit bilete som han kalla "fiolinpiken". Eg gjorde eit forsøk på teikne biletet, resultatet vart kanskje ikkje noko mesterverk. Fargespelet i biletet gav meg ein ide. Eg teikna konturane av Nissen og brukte silkepapir og fylte opp. Eg syns den vart ganske fin sjølv.











Dette er då andre utkastet mitt, som eg meinar sjølv er ganske lik Nissen lik Hans Normann Dahl. Det var eit poeng for meg å lage den ganske lik.

Dette er då den berømte fiolinpiken som gav meg ideen til silkepapirnissen.

Her er den berømte silkepapirnissen min.

No var spørsmålet kva materiale skulle eg lage nissen i. Eg hadde heile tida i tankane at eg skulle bruke dette i undervisning. Kva materiale er eigna, og kva kostar lite pengar er eit veldig vanlig spørsmål i skulen idag. Tanken min var å lage Nissen i ulike materiale slik at elevane ikkje låste seg på ein og same ting.
 Prossessen fram til det endelege arbeidet var ein litt uvan måte å tenkje på, korleis klare å snu elevane? Difor var det litt viktig å prøve ulike materiale.
Eg starta med nålefilting.

Her er då ein liten ullnisse, den er ikkje mykje lik Nissen i Snekker Andersen, men eit utkast.

Eg tenkte at trolldeig er kunne vere eit materiale, det er billig og godt og arbeide med både for store og små.

Her er ein god gammal tradisjonell trolldeigsnisse.

Eg viste fram arbeida mine til lærar og studentar, alle likte silkepapirnissen best. Den var ikkje ein masseprodusert nisse.

Då kom spørsmålet, korleis kan eg gå vidare med det?
Berit foreslo og lage den i større format og kle den med silkepair på begge sider.

Eg sette igang, teikna og skar ut i papp. Sat nokre timar og rulla silkepapir.

Her er då det ferdige resultatet.

Det var ein lang men lærerik prossess. Nissen skal uansett få hedersplass til jul.

1 kommentar: